Alle artiklane i denne temadelen er henta frå prosjekt innan forskingsområde «Vilkår for barns utforsking» i BARNkunne – senter
for barnehageforsking for ei meir rettvis og berekraftig
framtid for barna våre. BARNkunne er administrert
frå Høgskulen på Vestlandet. Forskingsområdet
«Vilkår for barns utforsking» har som mål
å undersøke vilkår for utforsking som kjem til syne
i konkrete aktivitetar. Det er aktivitetar som er
situerte i fysiske og ideologiske praksisar, og dermed
er påverka av relasjonelle, materielle, institusjonelle,
kulturelle og naturgitte vilkår. Målet er å skildre og formidle
kunnskap om vilkår for barns
utforsking i barnehagar og dermed
indikere kva som bør takast vare
på, utfordrast eller endrast for å
skape betre praksisar.
Aktivitetane som blir vist til i dei enkelte artiklane,
blir ofte sett på som leik, men forskingsområdet
brukar omgrepet utforsking for å utfordre dikotomien
mellom leik og læring. Det utforskande
er til stades i både leik og læring. Vilkår for det utforskande
gir rammer for kva slags utforskande aktivitetar
som skjer, og korleis dei skjer. Slike vilkår
kan fort bli tatt for gitt i barnehagen, og dermed
kan ein også lett reprodusere lite berekraftige eller
lite inspirerande praksisar. Når ønsket er å skape
ei betre framtid for barna våre, må vi våge å la oss
utfordre og stadig vere på leit etter vilkår som kan
utbetrast for å skape rettvise, likeverdige og berekraftige
utforskande aktivitetar. Målet er å skildre
og formidle kunnskap om vilkår for barns utforsking
i barnehagar og dermed indikere kva som bør
takast vare på, utfordrast eller endrast for å skape
betre praksisar.
Elin Eriksen Ødegaard, Åsta Birkeland, André
Marandon, Annette Marandon, Evelyn Spilde og
Andrine Kongshaug Ingebrigtsen spør: Hvorfor
har vi bølger i havet? Artikkelen bygger på kunst- og
forskningsprosjektet «One Ocean-Havportrett»,
der kunstnarar, pedagogar, forskarar og barn møtes
i utforsking av biotopen hav–land. Døme på utforsking
av biotopen hav–land blir drøfta i lys av
nye teoretiseringar frå BARNkunne-miljøet om
samarbeidande utforsking og Elliot Eisner sitt perspektiv
på didaktikk. Felles engasjement og feksibilitet
i mål og intensjonar trer fram som sentrale
vilkår for barna si utforsking.
Randi Moe, Modgun Ohm og Ruth Ingrid Skoglund
sin artikkel Nulltoleranse mot mobbing ser på
ulike dilemma og utfordringar personalet kan støyte
på når dei skal tolke barnehagelovas nulltoleranse
mot mobbing i møte med barns sosiale utforsking.
Artikkelen er ein del av eit større prosjekt
om mobbing som omgrep og fenomen i barnehagen.
Dei spør kvar grensa går for når barns sosiale
utforsking går over til sosiale prosesser på avvegar
i ei barnegruppe, og kva det vil seie at personalet
skal gripe inn når barn blir utsett for krenking.
Kristine Hof Aahaug sin artikkel Frå gepardar til
berekraft gir eksempel på korleis barn sine ytringar
og gjeremål med eit daglegdags vilkår i barnehagen
– leikematerial – kan sjåast som berekraftig
utdanning. Med utgangspunkt i ein observasjon
frå feltarbeidet i masterprosjektet hennar blir berekraftig
utdanning tolka i lys av ei barne- og barnehagenær
tilnærming til FN sine fre dimensjonar
for berekraft.
Liv Torunn Grindheim spør Kven avgjer kva som
kan leikast? Artikkelen byggjer på materiale frå eit
samarbeidsprosjekt med personale og barn i ein
barnehage. Med utgangspunkt i ein leik med polydron
blir det skildra kva materielle, abstrakte og
menneskelege aktørarar som er med på å avgjere
kva som skjer i leiken. Ved å spore kven eller kva
som gjer at noko skjer, kjem det fram eit nettverk
av aktørar som kan bli forstått som vilkår for leiken.
Det viser at rommet for aktørskap i leiken kan
utvidast på feire måtar enn ved å auke ferdigheitar
hos enkeltbarn.
Aihua Hu, Åsta Birkeland og Torill Barnung har
skrive Utforskning av nabolaget skaper tilhørighet.
Artikkelen bygger på eit internasjonalt samarbeidsprosjekt
mellom barnehagar i Noreg og i Kina. Dei
involverte barnehagane utforskar barnehagens nabolag.
Gjennom eit konkret eksempel frå ein av dei
norske barnehagane drøftar dei profesjonaliteten
til barnehagelærarane som eit viktig vilkår for barna
si utforsking og utvikling av lokal tilhøyrsle.
Korleis dei tilsette forstår barns utforsking, pre-
gar både praksis, tilgjengeleg materiale og samspel.
Større medvit om potensialet i utforskande prosessar,
kva som kjenneteiknar slike prosessar og korleis
ein kan leggje til rette for samarbeidande utforsking,
blir konkretisert. Det gir innspel til korleis ein
kan skape betre praksisar, argument for kva praksisar
ein vil fortsetje med, og kva ein vil utbetre.
BARNEHAGEFORSKING OM VILKÅR FOR BARNS UTFORSKING
Barn utforskar verda på mangfaldige måtar, og i ulike barnehagar kan vilkåra for utforsking variere. Dette temanummeret er via eit forskingsområde på BARNkunne – senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet.

Gjør som 4000 andre fornøyde barnehagefolk, tegn et abonnent på Barnehagefolk
og få tidsskriftet i posten.
(Du får alle nummerne for inneværende år ved
tegning av abonnement)